onsdag 13. april 2011

Smykke på den gamle hore




Flyet – ikkje for lavt – ikkje for høgt
Københavns raude hustak, snorrette gater smeltar saman
før timen då ho pyntar seg til fest.
Glitter – lyssnorer – eld i djupet der nede, ornament diamantar
mot fløyelssvart, der nede kryp maurmenneske – usynlege – uverkelege.
Berre lys-smykk.
Hamburg, Berlin, Zürich,Genève, Paris,
Marseille, den store glitrande brosje
rubinar, smaragdar, guld, eld, aquamarin.
Middelhavsmentaliteten fortel om sin byrd ved å kaste sitt glitter
på blått fløyel for dei framande: Respekt, min kjære!
Frå kabinen ingen smak, inga lukt av utsprøytt lengst tørka sæd
eldgamle sjukdomar, ingen skimtar lag av grov tjukk sminke, hamneslagg,
Europa, den eldgamle hore, utstrekt for natta, treng smykke over heile
sin lekam, rundt hals og bryst, mellom sine lår, i sin navle, på sine tær
og strødd, snodd, rundt lange, griske fingrar ormeliknande gull
på sine nasevenger, i si panne, sin tinning.
Marseille, kvifor nettopp du, den smittsamaste av alle
kvifor nettopp du så dragande ved nattestid, så gudlaust vakker
med opne porer mot orient og Alexandria?
Gjennom kabinen rungar ei røyst frå ein ukjend kaptein:
Stryk Skandinavias lammeblod på di dør og engelen går ditt hus forbi.
Flagget, symbolet frelser oss!
FASTEN YOUR SEATBELTS, THE HOLY GOD IS SMOKING.

Marie Takvam (1926-2008)

Illustrasjonsfoto: Torgny

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid hyggelig med en kommentar!