onsdag 13. april 2011

Nokon har sagt




Nokon har sagt:
Etter Hiroshima kan ingen meir synge om blomar
synge om roser eller liljer eller syrin!
Men eg seier:
Etter Hiroshima, etter fellesgraver, etter napalm
og kanskje medan napalm blir bruka
kanskje medan gass blir bruka
lever eg i eit framandt land i eit framandt hus,
og i dag har våren tvinga hendene mine til å så blomar
eg aldri skal sjå vekse opp.
Dei skal bløme for andre auger enn mine.
Ipomea og Cobea scandens, evigblømande høgraud Primula
og valmuer som ikkje ber gift i fruktene sine.
Her skal dei bløme med veldige høgraude, kvite,
himmelblå og djupblå blomar og få grøne taggute
eller slette blad.
Nokre skal slynge seg opp etter stolpane i svalgangen,
nokre skal krype langs jorda.
Det er ein veldig ting dette: at etter Hiroshima
etter fellesgraver og medan menneske tærest bort,
tvingar våren menneskehender mot jorda påny og påny
tvingar dei til å så
utan å tenkje på hausten.

Marie Takvam (1926-2008)

Illustrasjonsfoto: Torgny

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid hyggelig med en kommentar!