onsdag 13. april 2011

Gleda




Ho var her i dette romet.
Men ingen hugsar henne lenger,
endå det var nettopp nå.
Hugsar ikkje korleis ho såg ut
eller korleis ho kom inn
kva ho bar med seg.
Dagsnytt slo henne ned
med vel tilhogne setningar.
Ho skrumpa inn
vart til den bagatell
ho naturligvis er
sett i global samanheng.
Dunsta bort.
Men her er tomt etter henne.
Og vi ynskjer alle at ho skal kome att
endå vi skammar oss for å tilstå det.

Marie Takvam (1926-2008)

Illustrasjonsfoto: Torgny

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid hyggelig med en kommentar!