onsdag 13. april 2011

Kaldskodde




Alt er borte.
Jord og himmel skulle svinne.
Dei kvite fjell fortruleg lutande imot kvarandre
er viska ut.
Er eg det eine liv som er her att? Den eine kvinne?
Og vegane, kvar er dei, finns det meining i å vandre?
Å, herregud kva netter slik som denne kan forandre!

Om djupet svimlar, svimlar langs med mine steg,
så skal eg aldri drukne her.
Dei mjuke grøne vokstrar vinkar imot meg
som eit minne,
ein film frå alt eg eingong kunne stupe mot i deg.
Men ingen, ingen er meg nær,
ja sjølv er eg meg fjern.
Ei frostnatt kom og la ei isklår hinne
på dine svarte, djupe tjern.

Marie Takvam (1926-2008)

Illustrasjonsfoto: Torgny

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid hyggelig med en kommentar!