onsdag 13. april 2011

Det ligg eit hav mellom oss

Det ligg eit hav imellom oss,
mellom deg og meg.
Det ligg eit hav mellom
bringa di og mine bryst.
Men augo set kvarandre stemne på polstjerna
og hjarto kan møtest over bylgjene.

Og vinn du over havet
så er eg løna di
og varme hender
kan leite over mjuk hud.
Men møtet mellom hjarto
over havet er det heilage.

Marie Takvam (1926-2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid hyggelig med en kommentar!