onsdag 13. april 2011

Gamle Europa




I draum skimta eg ansiktet hennar.
Mjuke var leppene
før gamle Europa la sine fingrar
kring hennar gylne hals og strupte til,
og ho måtte sjå han inn i dei lystne auger.
Under Afrikas brennende sol velte han henne i sanden.
Mjuke er nok ikkje leppene i dag – -

Ikkje kjenner eg henne,
men i svevnlause netter,
ser eg dei magre fingrar strekkje seg mot mi stengde rute.
I svevnlause netter høyrer eg hennar skrik:
Gamle Europa har eit hjarte av hardaste gull!

Marie Takvam (1926-2008)

Illustrasjonsfoto: Torgny

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid hyggelig med en kommentar!