onsdag 13. april 2011
Kva kan eg seje deg, barn?
Seier eg: Arbeid!
Kva veit eg om arbeid i di framtid?
Seier eg: Kast deg aldri i armane på den sterke
som vil kle deg i uniform – grøne brune svarte grå gule
eller raude.
Kva veit eg om uniformer i di framtid?
Seier eg: Kast deg aldri i armane på ein religion – den kristne –
muslimreligionen – aldri i armane på Mercur, Venus, Mammon.
Kva veit eg om religionar i di framtid?
Seier eg: Rop aldri med dei som ropar høgast, skrik aldri med dei
som skrik høgast, gråt aldri fordi alle andre græt – le aldri
fordi alle andre ler –
Kva veit eg om skrik eller gråt eller latter i di framtid?
Kanskje kan eg våge meg til å kviskre til deg: Elsk om du kan elske,
og om det fins nokon å elske i di framtid.
Marie Takvam (1926-2008)
Illustrasjonsfoto: Torgny
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Alltid hyggelig med en kommentar!