onsdag 13. april 2011

Mogning

Kallar du deg eit tre i skogen?
Eg vil flekkje borken av det
og drikke sevje
som stig or ein
mørk famn.
Lyfte noko
or tung, våt jord
høgt mot strålane
frå ei nær sol.
Kanskje, kanskje alt i morgon
kan eg våge
å strekkje armane mine ut
som kvite, sterke greiner.

Marie Takvam (1926-2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid hyggelig med en kommentar!