onsdag 13. april 2011

Rikdom

Eit menneske ravar i gatene.
Ein mann med signetring
stoggar ved synet av usseldom
lekamleggjord,
slenger ein slant sølv i vêret
og kjenner seg derved endelaust sikker
på sin posisjon.
Mennesket ser på honom,
smiler gjennom dimme auger,
grip slanten i lufta
og syng ei vise
Av si sjels overflod.

Marie Takvam (1926-2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid hyggelig med en kommentar!